«Heit potet» gjer nytt liv til Blisterhaugen

Av og til treng ein verken komplisert teknologi eller kostbart utstyr for å skape endring. På Blisterhaugen har poteten plutseleg vorti matnyttig på ein heilt uventa måte – som verktøy for å utvikle bydelen på ein bærekraftig måte.

Sist oppdatert: 02.02.2021

Bilde av kunstner Bjørg Nyjordet
HÅP OM HUNDRE KILO: – Vi vil dyrka poteten i lag med barn og unge frå skolar og barnehagar i bydelen, fortel kunstnar Bjørg Nyjordet

– Eigentleg er jo potetdyrkinga berre eit påskot for å samle folk og få til samtaler. Magnar og eg har valt å starte der, fordi vi interesserer oss for å dyrke mat. Men sånn sett kunne aktiviteten vore kva som helst, seier kunstnar Bjørg Nyjordet.

Ho stikk spaden i jorda på Saupstad og pustar ut, medan ho stryk av seg den heimestrikka ull-lua. Ein grå hårtopp kjem til syne, dampande i den kjølige oktoberlufta. Ein treng ikkje fryse når potetene skal opp.

– Samtidig har vi jo tatt tak i potetdyrkinga fordi vi har snakka med folk som har ønskt seg akkurat det. Eg trur ikkje vi hadde byrja med det svære nybrottsarbeidet på potetåkeren, og brote opp alle røtene, viss det ikkje hadde vore eit ønske frå nokon her i bydelen, seier Bjørg, og bøyer seg over arbeidet igjen.

To godt erfarne hender bøyer seg ned og viser fire små ivrige hender korleis ein dreg opp potetgraset. Ungar og vaksne frå den nærmaste barnehagen myldrer rundt på Blisterhaugen, rett bakom biblioteket på Saupstad. Over bålpanna heng ein gammal kjel. Medkunstnar Magnar Gilberg matar bålet med ein liten haug tørre kvistar og tek av lokket – skal tru om det snart er kok i han?

Kortare veg frå idé til gjennomføring

– Det er minst ein viktig ting som skil Blisterhaugen frå andre grøne prosjekt, seier Magnar.

– Her kan dei som har lyst, berre møte opp – og setje i gang.

Dagens økt i potetåkeren er berre ei av mange i kunstprosjektet kor Bjørg og Magnar pustar nytt liv i Blisterhaugen.

FN-målet om bærekraftige byar og samfunn peikar mellom anna på at ein innan 2030 skal leggje til rette for deltakande, integrert og bærekraftig samfunnsplanlegging, og at ein skal styrkje innsatsen for å verne om og sikre kultur- og naturarven i verda.

Det vesle skogholtet bak bydelsbiblioteket var tidlegare ein skummel plass – no blir det ein minipark, skapt i lag av folk i nærområdet.

– Vårt ønske er at på Blisterhaugen skal folk ha ein mykje lågare terskel for å kome inn, og kome med, seier Bjørg.

– Mange sit nok med inntrykket av at ein må pløye seg gjennom mange kontor og saksbehandlarar i kommunen før ein får lov til å gjere noko i nabolaget sitt. Vi håper å kunne endre litt på det inntrykket.

Magnar er einig:

– Målet er jo at folk sjølv kjem hit og seier eg har lyst til å gjere dette. Og så kan vi hjelpe dei med å realisere dei tankane og ideane dei har. Det er jo først da dei kan oppleve at dei er medeigarar i området her, seier Magnar.

Dei to kunstnarane meiner det å gjere noko i lag både skaper arena for samtale – og eit påskot for samvær.

Illustrasjonsbilde av landskap

LANDSKAP I ENDRING: Med god hjelp fra sterke nabohender kjem omrisset av åkeren langsamt til syne. Folk kjem og går, nokre stikk innom for ein prat.

– Ikkje alle klarer å tyde dei sosiale kodane

– Nokre av dei samtalene vi har her, handlar jo om personlege ting – folk som treng nokon å prate med. Da er det veldig greit for dei å prate med nokon som nesten berre står her, som har noko syssel på gang, seier Magnar.

Han meiner dei stadig meir profesjonaliserte møtestadane i samfunnet kan hindre enkelte i å involvere seg og ta del i fellesskapet.

– Mange av dei arenaene vi møtast på, er basert på sosiale kodar av ulik art. Om du vil delta, bør du kunne tyde desse kodane, og svare tilbake i samme kode. Det er det ikkje alle som klarer, seier Magnar.

Bilde av kunstnarane Magnar Gilberg og Bjørg Nyjordet

NYE IDEAR: Kunstnarane Magnar Gilberg og Bjørg Nyjordet bruker kunst som metode når dei gjev nytt liv til skogholtet Blisterhaugen bak Saupstad bibliotek. Foto: Mari Nilsen Neira.

Aktivitet gir ei friare ramme for samtalen

– Derimot har eg stor tru på å ha noko å sysle med i lag. Når du står ute, held i eit grev og tar opp potet, gir det ei rausare ramme for samtalen. Du tenkjer og pratar ålreit når du er i bevegelse, seier Magnar.

– Vi har vore på nokre seminar der folk sit laina opp på rekke og rad, stol til stol... Det trur eg kanskje er litt skummelt for folk, for på dei seminara der skjer det vanlegvis litt lite.

Magnar klør seg litt i det grå skjegget, og trekkjer opp eit lite smil.

– Dei som arrangerer kafémøter og sånn, har gjerne gått på universitetet, mens målgruppa deira ofte ikkje har det. Allereie der kan det hende du er litt ute å kjøre, humrer Magnar.

Dei to kunstnarane har klåre tankar om kva som er deira rolle på Blisterhaugen.

– Vi ønskjer ikkje å tåkelegge med samtale. Å sitje rundt eit bord, planlegge, notere og diskutere, det kan vere bra i ein del av ein prosess. Men før eller seinare kjem du til eit punkt kor møteverksemd ikkje lenger har nokon effekt, meiner Magnar.

– Da må vi faktisk tore å seie: No er det ikkje meir å hente frå allmannamøter og skrivebord, no må vi ut og gjere noko – få fram nokre resultat. Så samlar vi folk ute, og spør: Kva har de lyst til? Til sjuande og sist er det uansett innbyggjarane som må ta styringa.

Det at kunstnarane tek utgangspunkt i naturmaterialar og bærekraftige metodar, er heller ikkje eit tilfeldig val.

Lokal ildsjel Helge Svedal er som vanlig på pletten for frivillig innsats i bydelen

ALLTID PÅ PLASS: Lokal ildsjel Helge Svedal er som vanlig på pletten for frivillig innsats i bydelen.

– Dyrking er ei politisk handling

– Når det gjeld dyrking, er jo det eit område som vi synast er viktig nettopp i eit samfunnsperspektiv. Veldig mykje landbruksjord blir gjort om og tatt til andre føremål. Men her på Blisterhaugen ser vi at dyrkinga samlar folk, seier Bjørg.

Ho meiner dyrkingsprosjekt som potetåkeren på Blisterhaugen både er ein positiv måte å uttrykke kunst, og engasjere seg i samfunnet på:

– På denne vesle flekken her får vi opp 110 kilo potet på ein sesong – det er faktisk politisk, om ein velger å gå den vegen. Nokon er kritiske og starter der; kanskje er det vel så viktig å vise fram kva som er mogeleg. Det er greitt å ha hit ein traktor og pløye opp eit svært jorde – men kanskje nokre av dei som har vore med her på Blisterhaugen, går heim til eigne hagar og set poteter i blomsterbeda? Da har vi oppnådd noko.

Dei to kunstnarane ønskjer også å utforske korleis dei kan senke terskelen for å delta i demokratiet, gjennom kunstprosjektet på Blisterhaugen.

– Som individ kan eg sjølv realisere mange av tankane mine med kroppsarbeid. Det er ikkje alltid vi treng kostbart utstyr for å vere ein del av eit fellesskap, eller komplisert teknologi for å skape endring. Vilje og tid er underbeskatta ressurser, seier Magnar.

– Også handler det om at du ikkje treng å vere så forbaska stæsja opp for å delta i demokratiet.

BLISTERHAUGEN

Skogholt mellom Søbstad helsehus, Saupstad bibliotek og gamle Heimdal videregående skole.

  • Fra gammelt av plassen for smia på Søbstad gård.
  • I seinare tid har plassen vori neglisjert, gjengrodd og uryddig.
  • Frå 2018 renovert og fiksa opp av Trondheim bydrift, i samarbeid med kunstnarduoen Gilberg/Nyjordet.

KUNSTPROSJEKT BLISTERHAUGEN

  • Områdeløft Saupstad-Kolstad ønskte å skapa om plassen til eit oversiktleg og triveleg grøntområde.
  • Kunst er tatt i bruk som metode for å samskapa ein mini-bydelspark tett på Saupstad sentrum.
  • Prosjektet har vakse fram som eit samarbeid mellom kunstnarane og innbyggjarane, og er ein del av Kunst i offentleg rom-satsinga i Trondheim kommune.
  • Så langt har elevar frå barnehagar, barneskolen, ungdomsskolen, videregåande, vaksenopplæringa, eldre, barnefamiliar og andre frivillige deltatt.
  • Alle som ønskjer, kan bidra – og sjølv utvikle prosjekt på Blisterhaugen.

KUNSTNARDUOEN GILBERG/NYJORDET

  • Magnar Gilberg og Bjørg Nyjordet starta arbeidet på Blisterhaugen våren 2019.
  • Deltaking, dialog og det å vera til stades er viktige stikkord i kunstprosjekta deira.
  • Kunstnarane tek seg god tid til å etablere kontakt med dei som brukar plassen, for å oppnå tillit til å etablere ny bruk av parken.
  • Ut frå samtalane som oppstår, legg kunstnarane opp ein plan for plassen, og jobber ut ifrå dette.

Bærekraft

Fant du det du lette etter?

Gå til toppen

arrow_upward