Trondheimsgården før 1845

Trondheimsgården før 1845

Dei fargerike rekkene av to-etasjes trehus med saltak, med små variasjoner i høgder og fasadar, er framleis det karakteristiske biletet for trebyen Trondheim

Innhold

Trondheim har ein sterk tradisjon for sine trehus, heilt frå den tidlegaste bydanninga. Dei fargerike rekkene av to-etasjes trehus med saltak, med små variasjoner i høgder og fasadar, er framleis det karakteristiske biletet for trebyen Trondheim. Dette er Trondheimsgården, gavl mot gavl i sentrums kvartalslengder.

Et trehus i rekke
Øvre Bakklandet 33.

Hovedhuset er gårdens fasade mot gata. Anleggets kjerne skjuler seg bak dette; eit lukka og privat gårdsrom, omkransa av hovedhusets bakvegg og 2-3 uthus. Gården var bygd for å romme både bustad, husdyrhald og småindustri.

Plantegninger
Plantegninger Vestre Enkeltskillingsveita 2

Gårdsrommet er forholdsvis lite, men med den låge bebyggelsen rundt, blir lys- og solforhold likevel gode. Både i form og funksjon kan det trekkast parallellar til det trønderske firkanttunet i byens omland.

Laft og saltak er den dominerande konstruksjonen for hovedbygningen, der storleiken på bygningen er definert av det lokale tømmerets lengder. Uthusa er bygd som fløyer til dette, eller som enklare, sjølvstendige hus i bindingsverk. Desse har pulttak, med fall mot gårdsrommet.

Ytterveggar har oftast ståande, måla kledning, men frå siste halvdel av 1800-talet kom også ein del liggjande panel. I same periode fekk hjørnebebyggelsen knekte hjørner med valma tak, som følgje av krav omkring brannsikring.

--To trebygg med ei veit i mellom

Hovedhuset har inngang frå gata via ei dør, eventuelt også ei lita trapp i tilfeller der første etasje ligg noko heva over gateplanet. Ein port brei nok for hest og kjerre, leier inn til gårdsrommet. Portrommet inkluderer tidvis ei trapp opp til gårdens andre etasje. Både i portrom og gårdsrom var det vanlegvis fast dekke.

I fasadeutforminga finn vi referansar til empirestil og historisme, med lite relieff og beskjeden dekor. Vindauga er plassert over kvarandre, gjerne parvis, og også over dør og port. I siste halvdel av 1800-talet kom detaljvarehandelen inn som funksjon, og større vindauge i første etasje vart meir og meir vanleg for å eksponere vareutvalet mot gata.

Grønn port med åpen dør inn til portrom
Grønn port med åpen dør inn til portrom


I Trondheim har det sjeldan blitt gjennomført større saneringar inni storkvartala, og den småskala veven av bakgårdsbebyggelse og private gårdsrom er dermed godt bevart. Dette kan glimtvis opplevast frå gata, idet ein får eit gløtt inn gjennom ein open port, men er tydelegast på kart og flyfoto.

I det indre i kvartala finst fleire eksempel på originale og unike bygningsdetaljar.

Gårdsrommet har gjerne også atkomst til ein hvelvkjellarar, trebyens brannsikre rom. Dei eldste hvelvkjellarane vi har, stammer truleg frå åra like før og etter 1681-brannen. Desse representerer dermed dei eldste ståande byggverka i dagens Midtbyen.

vindu og buetak i hvelvkjeller
Vindu og buetak i hvelvkjeller


I perioden 1841-45 gjekk nær halvparten av Midtbyens bygningar tapt, som følge av særleg to store bybrannar. Dei skadde områda vart raskt gjenreist etter det gamle mønsteret, kort tid før det vart vedtatt murtvang i 1845. Den gjenreiste 1840-talsbyen er best bevart aust for Hospitalsløkkan og nord for Thomas Angells gate.

Murtvangen vart starten på eit hundreår med store arkitektoniske endringar. Dei første åra vart likevel mykje vidareført, idet både eigedomsstrukturen og organiseringa av bygningane omkring private gårdsrom, fortsette å følgje logikken til middelalderens tomter og byggjeskikk.

Grå bygning i to etasjer der del av bygningen er oppført i mur

Trondheimsgården finn vi i dag i eit belte frå Ila og austover, over heile nordre del av Midtbyhalvøya og med samanheng vidare mot Møllenberg. Dagens trehus stammer altså for det meste frå 1840-talet, men vi finn også innslag av eldre hus frå tilbake til 1700-talet.

Områdekarakteren i trehusbeltet markerer seg for eksempel ved ankomst til Midtbyhalvøya frå Sentralstasjonen i nord, der to særleg flotte gårdsanlegg står som ein portal på kvar si side av Søndre gate og ønskjer velkomen til trebyen Trondheim.

Et gatekryss med trebygg i rekke på hver side av veien

Sist oppdatert: 18.11.2025

Fant du det du lette etter?